fredag 6. november 2015

Handlingar til røyk

Grunnen til at røyking ikkje er like populært som det var før er fordi i dag så veit mange kor farleg røyk eigentleg er. Folk i dag er meir bevisste på stoffa i røyken enn det dei var før. Derfor er det ikkje mange no som røyker fordi dei veit at røyking er svært helseskadeleg. 

For røyking skadar helsa på svært mange måtar og gir alvorlege skadar, som for eksempel hjarte og karsjukdommar. Røyking dobblar risikoen for hjarteinfarkt eller hjarteslag. Hjarteinfarkt kommer av blodpropp som dannast i hjartes blodårer. Dette gir ofte sterke brystsmerter og andenød. 


Samfunnet har og våre med på å endre reglane som gjeldar spesielt røyking. No er det ikkje lov til å røyke på tog stasjonar, jobb, skule og fly. Grunnen til dette er passiv røyking. Passiv røyking vil seie når ein person står på sida av ein person som røyker. Den personen som ikkje røyker blir då utsatt for passiv røyking fordi personen pustar inn røyken. 

 

Kjelde: https://helsenorge.no/rus-og-avhengighet/royk-og-snus/helseskader-av-royking 

tirsdag 3. november 2015

Ungdom og mote

Mange ungdommar er opptekne av mote. Dei ønskjer ikkje å skilje seg ut. Moten forandrar seg heile tida, og nye trendar dukkar stadig opp. Er det ungdommen som bestemmer moten eller blir den naturleg bestemt gjennom reklame, bilde, film og musikk? Mobiltelefonane har også utvikla seg ekstremt. Mobiltelefonen har endra måten vi relaterer oss til kvarandre på. I dag er sosiale mediar veldig populært. Ungdom ei veldig sterk gruppe, mye reklame er spesielt retta til dei. Reklamen i dag er og retta til bestemte ungdomskulturar. Ei store utfordring for mange ungdommar når det gjeld trendar og mote er at dei i mange tilfelle må ha det siste nye. Mange ungdom er spesielt opptatt av å bli godtatt. Å ha det nyaste og være ein del av gjengen. 
Kjelde: 
http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154 





fredag 30. oktober 2015

Rus og psykisk helse

Alkohol
Alkohol er det mest vanlige rus-stoffet i Europa, og nesten alle har eit forhold til alkohol og kva dei meiner om det. Alkoholloven seiar at man må være 18 år for å kjøpe øl og vin, og 20 år for å få kjøpt brennevin. Det er forbode å kjøpe alkohol til nokon under 18 år (Ekeland s. 74). Her i landet er gjennomsnittsalderen på alkohol rundt 14,5 år (Ekeland s. 73).
Ein som begynner å drikke før fylt 14 år, har 7 gongar større risiko for å bli alkoholavhengig innan ti år enn ein som begynner å drikke fyrst før 21 år (Ekeland s. 73).

Alkoholskadar hos fosteret

Dersom ei gravid kvinne drikk alkohol kjem alkoholen gjennom blodet og til fosteret. Dette vil seie at fosteret drikk like mykje alkohol som kvinna. Fosteret kan bli skadd av alkoholinntaket til mora. Barn som blir utsette for alkohol, kan bli forsinka i utviklinga på fleire måtar. Dei kan og få lærevanskar og konsentrasjonsvanskar. Helsestyresmaktene rår derfor ifrå å drikke alkohol under svangerskapet (Ekeland s. 72).

Alkohol er veldig skadeleg. Overdriven bruk av alkohol er helseskadeleg. Det fins meir enn 60 forskjellige sjukdommar knytte til alkoholbruk (Ekeland s. 76). Generelt vil personlegdommen endre seg, nervesystemet, levra og andre organ i kroppen blir skadde (Ekeland s. 76). 
Det fins fleire drikkar med forskjellig mengder alkohol, nokon med lite alkoholprosent og nokon med mykje alkoholprosent.


Alle har eit val. Er det skal? Eller skal ikkje? 


onsdag 28. oktober 2015

Eit trygt og godt klassemiljø

I dette blogginnlegget skal eg skrive om klassemiljø og kva eg syns min klasse og alle andre klassar bør gjere for å få eit godt, og betre klassemiljø. 

Det eg syns er viktigast i ein klasse er respekt, at alle respekterer kvarandre og er snille mot kvarandre. Det er ikkje særleg kjekt å være i ein klasse der alle ler av kvarandre og ikkje visar respekt. Det er heller ikkje kjekt å være redd for å rekke opp handa, fordi du er redd for å seie noko feil. Alle bør også føle seg trygge og komfortable i sin egen klasse, det å kunne være sosiale saman er bra. Eit godt klassemiljø er viktig, og alle må bidra for å gjer ein forskjell.

For meg så er eit godt klassemiljø det å respektere andre i klassen, være snill mot alle og ikkje forstyrre klassen i timane. Alle bør føle seg trygge på alle, og ikkje grue seg til skulen kvar dag på grunn av dårlig klassemiljø. 

tirsdag 27. oktober 2015

Ungdomskultur

Med ordet ungdomskultur tenkjar vi på kultur av og for ungdom. Det var først i 1950 åra ungdomskulturen tok til. Rocken, olabuksene og skinnjakkene var spesielt populært då. Men ei anna viktig årsak til ungdomskulturen var framgangen i den vestlige verda etter andre verdskrig. Dei fleste fekk betre økonomi. Dette var grunnlaget for at ungdom kunne utvikle si eiga kultur og bli ei mottakargruppe for mote, musikk og film, spesielt rett for ungdom.
Ungdomskulturen er også noko som skil born og vaksne frå ungdom. Born er litt meir knyta til foreldra men ungdom lausriv seg litt meir. Unge vil sjølv bestemme kva for klede dei vil gå med, kva type musikk dei vil høyre på og kva dei vil gjer på fritida. Det er først i dei siste 60 åra det har utvikla seg sin eigen ungdomskultur. 





tirsdag 13. oktober 2015

Menneskerettar

Menneskerettigheiter er grunnleggjande rettigheiter alle har, uavhengig av kjønn, alder, religion og nasjonalitet. Norge rapporterer inn til FN om korleis myndigheitene jobbar for å sikre innbyggjarnes rettigheiter. FN gjer deg råd om korleis dette kan bli gjort på ein betre måte. Menneskerettigheitene blir daglig brotne over heile verden. FN kan bruke militære midlar for å gripe inn ved svært alvorlige tilfelle. Tanken om at det fins rettigheter som gjelder alle oppsto for mange hundre år sidan. Men det fins faktisk ikkje noko internasjonalt system som kan sikre deg disse rettigheitene. Det er vanlig å dele inn menneskerettigheitene inn i to kategoriar:

Politiske og sivile rettigheter: Handlar om rett sikkerheit, fridom frå overgrep, og rett til å delta i politisk i samfunnet. Ytringsfridom og prinsippet om at alle skal vere like for lover er eksemplar på politiske og sivile rettigheter.


Økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter. Handlar om at vi har rett til å få dekka våre grunnbehov. Retten til arbeid, utdanning og ein tilfredsstillande levestandard er eksemplar på slike rettigheter.