fredag 30. oktober 2015

Rus og psykisk helse

Alkohol
Alkohol er det mest vanlige rus-stoffet i Europa, og nesten alle har eit forhold til alkohol og kva dei meiner om det. Alkoholloven seiar at man må være 18 år for å kjøpe øl og vin, og 20 år for å få kjøpt brennevin. Det er forbode å kjøpe alkohol til nokon under 18 år (Ekeland s. 74). Her i landet er gjennomsnittsalderen på alkohol rundt 14,5 år (Ekeland s. 73).
Ein som begynner å drikke før fylt 14 år, har 7 gongar større risiko for å bli alkoholavhengig innan ti år enn ein som begynner å drikke fyrst før 21 år (Ekeland s. 73).

Alkoholskadar hos fosteret

Dersom ei gravid kvinne drikk alkohol kjem alkoholen gjennom blodet og til fosteret. Dette vil seie at fosteret drikk like mykje alkohol som kvinna. Fosteret kan bli skadd av alkoholinntaket til mora. Barn som blir utsette for alkohol, kan bli forsinka i utviklinga på fleire måtar. Dei kan og få lærevanskar og konsentrasjonsvanskar. Helsestyresmaktene rår derfor ifrå å drikke alkohol under svangerskapet (Ekeland s. 72).

Alkohol er veldig skadeleg. Overdriven bruk av alkohol er helseskadeleg. Det fins meir enn 60 forskjellige sjukdommar knytte til alkoholbruk (Ekeland s. 76). Generelt vil personlegdommen endre seg, nervesystemet, levra og andre organ i kroppen blir skadde (Ekeland s. 76). 
Det fins fleire drikkar med forskjellig mengder alkohol, nokon med lite alkoholprosent og nokon med mykje alkoholprosent.


Alle har eit val. Er det skal? Eller skal ikkje? 


2 kommentarer: