onsdag 28. oktober 2015

Eit trygt og godt klassemiljø

I dette blogginnlegget skal eg skrive om klassemiljø og kva eg syns min klasse og alle andre klassar bør gjere for å få eit godt, og betre klassemiljø. 

Det eg syns er viktigast i ein klasse er respekt, at alle respekterer kvarandre og er snille mot kvarandre. Det er ikkje særleg kjekt å være i ein klasse der alle ler av kvarandre og ikkje visar respekt. Det er heller ikkje kjekt å være redd for å rekke opp handa, fordi du er redd for å seie noko feil. Alle bør også føle seg trygge og komfortable i sin egen klasse, det å kunne være sosiale saman er bra. Eit godt klassemiljø er viktig, og alle må bidra for å gjer ein forskjell.

For meg så er eit godt klassemiljø det å respektere andre i klassen, være snill mot alle og ikkje forstyrre klassen i timane. Alle bør føle seg trygge på alle, og ikkje grue seg til skulen kvar dag på grunn av dårlig klassemiljø. 

1 kommentar: