fredag 6. november 2015

Handlingar til røyk

Grunnen til at røyking ikkje er like populært som det var før er fordi i dag så veit mange kor farleg røyk eigentleg er. Folk i dag er meir bevisste på stoffa i røyken enn det dei var før. Derfor er det ikkje mange no som røyker fordi dei veit at røyking er svært helseskadeleg. 

For røyking skadar helsa på svært mange måtar og gir alvorlege skadar, som for eksempel hjarte og karsjukdommar. Røyking dobblar risikoen for hjarteinfarkt eller hjarteslag. Hjarteinfarkt kommer av blodpropp som dannast i hjartes blodårer. Dette gir ofte sterke brystsmerter og andenød. 


Samfunnet har og våre med på å endre reglane som gjeldar spesielt røyking. No er det ikkje lov til å røyke på tog stasjonar, jobb, skule og fly. Grunnen til dette er passiv røyking. Passiv røyking vil seie når ein person står på sida av ein person som røyker. Den personen som ikkje røyker blir då utsatt for passiv røyking fordi personen pustar inn røyken. 

 

Kjelde: https://helsenorge.no/rus-og-avhengighet/royk-og-snus/helseskader-av-royking 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar